Handtering av bekkenleddsmerter under svangerskapet

Under svangerskapet blir svært mange kvinner ramma av bekkenleddsmerter. På folkemunne er dette ofte kjend som bekkenløsning, men dette er eit noko misvisande uttrykk. I bekkenet er det tre store ledd, to bak og eitt foran. Smertene som oppstår er lokalisert til eitt eller fleire av desse tre ledda, og kan spreie seg utover korsryggen og nedover setet og bakside lår. Årsaken til desse smertene er mykje forska på, men ein veit ikkje med sikkerheit kva som faktisk er årsaken. Likevel antek ein at det omfatter både hormonelle og biomekaniske endringar som skjer naturleg under svangerskapet.

Bekkenleddsmerter rammer gravide kvinner i ulik grad, nokre opplever at det oppstår tidleg i svangerskapet, andre blir sterkt plaga mot slutten av svangerskapet og nokre blir ikkje ramma i det heile tatt. Felles for dei som opplever bekkenleddsmerter er at smertene blir forverra ved langvarig gange, langvarig stillesitjing eller oppretthalding av ståande stilling over tid. Mange opplever at smertene provoserast av aktiviteter eller øvelser som separerer beina, til dømes utfallssteg. Enkelte opplever at smertene oppstår kortvarig, medan andre opplever at smertene går utover dagleglivets funksjon, og mange ender opp med å bli sjukmeldt under svangerskapet grunna dette.

Det er fleire studier som har undersøkt kva som førebygger og kva ein kan gjere for å handtere bekkenleddsmerter. Det har vist seg at det er vanskeleg å førebygge, men det anbefalast å finne ein god balanse mellom aktivitet og kvile dersom det først oppstår. Smertene blir sjeldan betre av fullstendig kvile, og dei blir sjeldan betre av å ikkje endre på noko ved aktivitetsnivået undervegs.

Mange opplever at dei kan trene og oppretthalde nokså likt aktivitetsnivå som før svangerskapet, medan enkelte blir nærmast sengeliggande grunna smertene.

Det er flest studier som har sett på trening som handtering av smertene og dei aller fleste av desse studiene finn at trening lindrer plagene og betrer funksjon. Det er vanskeleg å konkludere, men studier tyder på at mange opplever lindring av plagene ved bassengtrening. Ein veit ikkje nok til å kunne anbefale ein treningsform over ein anna, men det anbefalast å prøve seg litt fram til kva som fungerer for den enkelte. Mange vil nytte godt av å få eit tilrettelagt øvelsesprogram av ein fysioterapeut, særleg dersom ein har store plager.

På 3T finns det fleire gruppetimar som er tilrettelagt for gravide både i sal og i basseng. Desse timane blir haldt av erfarne instruktørar og kan for mange vere ein fin måte å halde seg i aktivitet under svangerskapet, sjølv med moderate bekkenleddsmerter. Opplever ein at nokre av øvelsane trigger plagene, kan ein stole på at instruktøren har mange alternative øvelser som ein kan gjere i staden for. Sei gjerne frå til instruktøren på førehand dersom du er plaga med bekkenleddsmerter, så er instruktøren klar over dette før timen byrjer.

Dersom du opplever at gruppetimer ikkje fungerer så godt for deg, er det svært mange erfarne behandlere ved 3T-klinikken som innehar god kompetanse på svangerskapsrelaterte plager. Desse hjelper deg meir enn gjerne med å finne fram til øvelser som fungerer godt for deg.

Hugs at all bevegelse er betre enn ingen, og at det alltid finns noko ein kan gjere. Både du og barnet vil nytte godt av at du er i god form under svangerskapet.

3T tilbyr ei rekke gruppetimar for gravide:
https://3t.no/3t-tilbyr/gruppetreninger/trening-for-gravide


Kjelder:
European guidelines for pelvic girdle pain
Folkehelseinstituttet, bekkenleddsmerter: https://www.fhi.no/fp/gravide-og-fodende-kvinners-helse/kortfilm-med-kunnskap-og-rad-om-bekkenleddsmerter/

Teksten er skrevet av personlig trener og fysioerapeut Nikoline Bjørdal. Les mer om bakgrunnen hennes og ta kontakt her.